Min utveksling

Hei,
dette blir nok det siste innlegget mitt på bloggen. Eg kan no legga bloggen min bak meg med eit stort smil, for blogging er verkeleg ikkje mi greia, creds til bloggarar på fulltid. Eg føler at eg har fått fram at utveksling ikkje berre er ein dans på roser, som det lett kan bli framstått på nett. Følte meg veldig nede då eg følte at mitt utvekslingsår var heilt "mislykka" i forhold til alle andre sitt. Sidan eg har fått så mange utfordringar har eg lært så utrulig mykje om meg sjøl, og vokst veldig som person. No er mitt år over, og ett nytt kull skal starte det som eg skal reise frå. Alle som vurderer å reisa på utveksling GJER DET! Du vil ikkje angre. Hadde eg visst alt som skulle skje før eg reiste hadde eg uansett valgt å reist igjen.


 

(dette skreiv eg fyrst på privat brukaren min på insta for dei så følger meg der.)  Lite visste denna jento den gongen ka "eventyr" ho hadde i vente. E no 296 dagar sidan eg eg posta bildet, tok kofferten min med meg og forlata Norge. No sitt eg her og ser på CountDown appen som viser at eg kun har 6 dagar igjen før eg er tilbake. KOR I ALLE DAGAR BLEI TIDA AV?! Alt eg kan sei er at det har vå så mangen opp å nedturar at eg er så utrulig takknemlig for å oppleva utveksling. Eg kan stolt sei at eg aldri har vurdert å gje opp, for dette skulle eg klara! Har vore ein så utrulig stor utfordring men den utfordringen har eg tatt på strak arm. Kan eg overleva 301 dagar heilt aleina på den andre sida av verden kan eg fader meg alt ana i framtie også!

I går hadde eg eit Farewell party så eg fekk sjå vennane mine for siste gong. Ett avskjeds party? Eg kom jo nettop her til?! Eg klarer ikkje skjønna at eg skal heim.. Det føles ut som om at eg skal vera senior på Dobie High School med vennane mine etter sommarferien. Tross for ein veldig vanskelig start på utvekslingsåret, så ordna det seg tilslutt! De siste månadane har våre så utrulig minnerike. No er alt det vonde overdøvd av det gode eg har opplevd her♥





Tusen takk til min kjære familie og vennane mine som alltid har støtta meg gjennom tida mi her. Å veta at eg kom til å komma heim til deko tilslutt, har våre veldig motiverande♥ Takk for meg, og takk for alle som har følgt utvekslingsåret mitt♥

-A

Prom 2k16

Hello,
i går fekk eg oppleva min største høgdepunkt her i Amerika, nemlig å reisa på prom! Kan ikkje legga skjul på at eg har gleda meg lenge til den dagen skulle komma. Prom er noko heilt ana enn skuledansane me har i Norge. Her er det å gå all in. Det var ganske så formelt noko som er smålig kleint, men eg overlevde heldigvis ;P. Skulen min hadde egentlig prom kun for seniorar, men sidan eg er utvekslingselev fekk eg også lov til å komma hihi. Eg stor koste meg frå start til slutt, noko som resulterte i veldig gangsperre bein i dag. 

Dagen starta kl11 då eg reiste for å plukka up boutonnieren eg hadde bestillt. Sidan eg ikkje er så close venn med så mange gutar på skulen min (ville ikkje risikera ein super klein stemning), så inviterte eg med ein kompis av Fatima. Deretter reiste eg til Fatima for å pynta oss sammen. Ho er veldig flink med sminke så ho var så snill å sminka meg så eg skulle sleppa å bruka pengar på det. Håret mitt var det søstera hennas som fiksa for meg.



Processed with VSCO with a5 preset

Kl.16 kom datene vårans så me kunne ta bilder sammen og for så å reisa til Moody Garden der promet skulle vera.


Eg hadde null ide korleis min kom til å sjå ut, men blei veldig fornøyd!
 





Processed with VSCO with hb2 preset

På sjølve promet åt me god mat og så dansa me veldig mykje.


Dei hadde sånn Photo Booth der så me måtte seffølgelig ta nokre bilde saman♥ (som de ser blei eg ikkje lika heldig på alle bildene heh)

Då prom var over reiste eg og mange andre til IHOP for å eta mat også tok me oss ein tur ned på strånde. Eg avslutta kvelden med å overnatta over hos Mariana.

Prom var altså ein veeeldig kjekk opplevelse♥

-A

Update; April and May


Heihei,

Føler eg har nedtelling i alle blogginnleggene mine men gu så fort tida går. Heimreise nærmer seg med stormskritt!! Skulle ønska tida gjekk litt saktere no.. Men skal bli godt å komma heim også. Sidan eg det er ganske så akkurat 1 månad (!!) til heimreise så tenker eg veldig mykje på korleis det blir. Explorius og CETUSA har sendt meg avreise brev og då har det slått meg veldig at eg faktisk skal heim. Eg er litt engstelig for å berre reisa vekk frå dette livet mitt som eg har danna meg her i Houston, Texas. Har liksom eit liv her, men også eit heima i Norge. Me får sjå om eg kjem tilbake å besøker Houston igjen i framtida, men det kjem aldri til å vera det samme seinare sidan alle flytter vekk til collage etter High school. Utveksling er uten tvil det beste valget eg nokon gong har gjort, så absolutt.

Siden sist har eg opplevd mykje morsomt så here you go:

Alle danseklassane, JV og Varsity danselagene og cheerleaders hadde eit springshow. Me framførte tre kveldar på rad framfor masse folk!



Fatima og Nadia var så søte så kom å støtta meg, og gav meg blomar!


Vertsfamilien kom også eine kvelden å såg på! I love this silly girl♥

Veninno mi Fatima og hennas familie tok meg med i ein quinceañera, så eg skulle få oppleva det før eg reiste heim! Ekstremt fint, føltes som eg var i eit bryllup nesten. Quinceañera er altså 15årsdag bursdag som meksikanarane feirer veldig stort. 









Blei lært å dansa på meksikansk vis! Så sjølv om eg er kvit fekk eg til å røra på hoftene hahah. Det var ikkje snakk om å sitta ned å slappa av litt, neidå måtte dansa heile kvelden. Blei veldig mykje dansing og gnagsår til slutt, men utrulig kjekt!



Sidan det er morsdag her i USA i dag så tok eg Alicia ut i går for å fiksa neglene våras. Etterpå åt me lunch og til slutt til ett mall for å  shoppa. Me hadde ein veldig koselig dag begge to.


-A

My first baseball game

Hei, 
I går reiste eg med mattelæraren min, Michael og kona hans Vanessa på eit baseball game i Downtown Houston. Eg husker at ein av ledarane på Explorius møtene i NY fortalte at ho hadde blitt godt venn med nokon av lærarane sine, noko som eg tenkte at aldri kom til å skje meg det ikkje er så vanlig i Norge haha. Mr. Arroyo og kona hans ville ta meg meg på eit baseball game sidan eg fortalte at eg aldri har sett det før. Det var Astros vs. Red Sox (Boston), og Astros vann 8-3!! Det var ein kjempe kjekk opplevelse, veldig amerikansk. Også var det seffølgelig ekstra kjekt at dei vann. Baseball er da eit rolig spel så me satt for det meste å prata igjennom kampen. Det var ein perfekt dag å reise sidan det var sol og varmt. 








Også gav dei meg ei Astros t-skjorta i gave til kampen!



-A

Easter

Hello my fellow Norwegians,

I dag er det faktisk kun 76 dagar til eg reiser heim att. Heilt sjuuukt. Tida flyr avgåre sidan vertsfamilien er flinke til å helda meg opptatt mesteparten av tida. Tida no etter jul er heldigvis mykje betre dette halvåret. Alt er ikkje perfekt, men det hadde det ikkje våre om eg var heime heller. Dei gode tingene som skjer dekker heldigvis over det kjipe. Det har heile tida våre ganske så grei temperatur her (klage ikkje hehe), men merker det går mot lysare og varmare tider. Eg kan gå i shorts i mars, det trur eg ikkje at eg har gjort før. Sorry (not sorry) for snappane med temperatur-filter til deko der heima.♥♥ Her i usa har dei ikkje ei heil veka av skulen for påske desverre, men eg fekk hvertfall fri på fredag då det var Good Friday. Min fyrste påske uten snø, kulde, hyttekos med familie, grilla pølse rundt bål osv. Må sei eg har savna det littegrann for eg har null påskestemning her.. Heldigvis sendte mammo og pappen påske egg til meg så eg fekk min dose kvikk lunsj og norsk smågodt hvertfall.

Sidan me hadde fredag fri frå skulen reiste eg med tre veninner frå skulen til Galveston. Det var desverre litt kaldt sidan det var mykje vind, men koselig uansett! 






(Screenshot frå snap hehe)







På påskaften så dekorerte me påskegg! Eg viste vertsfamilien korleis me gjere det i Norge med å blåsa ut innholdet i egget, noko som dei synst var morsomt og rart å sjå på.. haha. Dei hardkoker heller egget og så maler det, for så å ete det. 



Også lagde eg og vertsmor Black Bottom Banana Cream Pie.



På 1. påskedag (i dag) leita eg og vertsøster etter kvar vår Easter Basket som me fekk av Alicia og Richard (/påskeharen). Derretter reiste me i kykjo for påske seremoni. Rundt noon kom medlemmer av familien til huset vårt for å eta god mat og dessert. Eg og Maleahna fekk endå meir godteri då me hadde easter egg hunt. 










Dei hadde tomme egg med konfetti inside. Eg veit ikkje heilt kor denne tradisjonen kjem frå, men du skal hvertfall knusa dei på hovet til nokon andre og det skal bringa dei lykke i framtida.





I måro er det desverre tilbake igjen på skulebenken. 10 mandagar igjen å vokna kl. 5:30....!

-A

#utveksling #explorius

Rodeo

Hei, 
På fredag fekk eg (endelig) Spring Break! Det skal bli godt å ha ei veka fri frå skulen til å kun slappa av litt. Me ikkje nokon store planar så me skal vera her i Houston. Forhåpentligvis skal me prøva å reisa til strande ein dag, wehuu sommar i mars :D 
The Houston Livestock Show and Rodeo er ein to vekers event kvart år om våren. Kjente artister kjem og opptrer i stadiumet. I år var foreksempel Pitbull, Jason Duerlo, Shawn Mendes ++ der. Før konsertane har dei bull riding, bareback riding, tie-down roping og masse fleire ting eg aaldri har sett før. Skikkelig Texas experience! (følte som The Longest Ride i virkeligheten hihi) Utanfor stadiumet har dei mange ulike boder med mat og mange karusellar. Fyrste gongen eg reiste til rodeoen var eg med norskingane på Pitbull konsert, og andre gongen med Alicia, Maleahna og Debbie (bestemore).




Dei hadde mange stakkars dyr som berre sto opp og ned der heile dagen ;(( Fekk veta at dei blir sendt til slakteri etter rodeoen...


Drit godt burgermåltid til 150 kr </3 Var utrulig over priced der..


Fried cookie dough!! 

Processed with VSCOcam with g3 preset
Pitbull♥♥

Dårlig kvalitet... men er då altso Bull riding! 









Texas-sized fries and a foot long corn dog ;PP


Lite skjønte eg då vertsmor kom springane og sa at måtte følga ho. Eg blei sett i ei kjerra og fekk beskjed om å vinka til publikum. Så eg var visst med på opnings paraden som er visst ei stor æra å vera med på. Ikkje like eg oppmerksomhet, men var interresant å få vera med på!


;))

-A

Update; January and February

Heiii, 
Må begynna innlegget med å sei tuuusen takk for responsen på forrige innlegg!! Innlegget rakk ut til fleire folk enn eg trudde det skulle. Mange nye lesarar, fine kommentarar og meldingar. Det var veldig kjekt å få høyra at fleire utvekslingstudenter har det slik som meg. Eg er ikkje den einaste som ikkje synst alt går heilt etter planen, men det er heilt greit for eg lærer så utrulig mykje av å vera her. Berre at eg har fått kontakt med nokon nye folk kan gjera dagen min sååå mykje bedre, noko eg ikkje hadde dersom eg var heime. Om ca. 4 månadar er utvekslingsåret mitt over, heilt sjukt. Eg prøver å nyte den siste tida mi så mykje så mulig. Eg merker allerede at desse siste 5 månadane etter jul kjem til å gå såå mykje fortare enn månadane før jul. Eg har masse å sjå fram til dei neste månadane som Rodeo, og konsertar med både Pitbull og Rihanna. Sidan fleire heimanfrå seier eg må blogga igjen tenkte eg at eg får oppdatera om kva som har skjedd sidan sist. Etter siste innlegg har eg forresten fått forbud mot å vera med mine norske vennar meir enn 1 gong i månaden, noko som ikkje er så veldig hyggelig menmen slik er det visst.

Vertsmore til Caroline spørte om eg ville vera med ho til ein ranch som ligg ca.2 timar vekk frå Houston. Her fekk eg virkelig føla på korleis Texas er. På ranchen hadde dei mange forskjellige dyr, så 2 redneck gutar kjørte oss rundt å viste oss (dei hadde altså så stor ranch at me måtte kjøra rundt og likevell såg me ikkje alt). Camo gensar, caps, pickup and yeticup= standard redneck gut. 




Dei hadde faktisk zebra og andre dyr frå Afrika der! (dårlig kvalitet heh, I know)


På kvelden tok meg og Carro på oss skjorta og var klar for skikkelig Texas fest (60 årsdag). Live country band, spicy mat, og two step. 

Sidan eg kun fekk A's and B's på mitt reportcard til jul (skulelys ;) ) fekk eg ein premie hehe. Eg fekk lov å velga kva me skulle tilbringa ein lørdag til, så eg valgte Pleasure Pier. Det var ei brygga med karusella, suvenir butikkar, spel og resturanter. 
Processed with VSCOcam with hb2 preset






Jennifer (kjærasten til broren til Richard) har termin i april, så me var i baby shower til ho. Me spelte mange baby shower spel, og åt mat og kaka. Familien i Norge og eg gav ein body med marius-mønster, den fall veldig i smak.




Forrige søndag var den berømte Super Bowl kampen. Eg forstår endå ikkje amerikansk fotball, men forstår litt meir for kvar gong eg ser på det haha. Me heia visst på Broncos, og dei vann! "Grandpa" kokte krabbe og crawfish til middag. Blei min fyste gong å smaka crawfish, og likte det faktisk sjølv om eg var litt skeptisk til å prøva det i starten. Krabbe er noko som eg har blitt veldig glad i etter eg kom her til♥♥. 





Veninno mi Lisa speler fotball, så eg har blitt med faren og kjærasten hennas nokon gongar for å supporta ho. Ikkje liker eg fotball men kva gjere ein ikkje for eit vennskap?


.. og vore litt for mykje på starbucks med ho♥

 

Snakkast i neste innlegg!
-A

#utveksling #explorius

♥ Life begins at the end of your comfort zone ♥

Hei,
i dag er det akkurat 150 dagar sidan eg reiste frå Norge, og om 151 dagar sitt eg på flyet frå Washington tilbake til Norge. Herlighet så fort tida går!! Det er no 2016, kvar blei 2015 av? Sidan halve opphaldet mitt er over tenkte eg å skriva ned kva eg tenker. Eit ærleg innlegg om korleis eg har det her nede. 

Eg reiste vekk frå den trygge vetle bygde mi som eg har budd i gjennom mine 16 år. Eg var så langt inne i mi eiga komfortsone som eg kunne vera, der alt var så trygt å godt. Mine venna ved mi sida, familie rundt meg heile tida, og dei samme gode rutinene kvar dag. Eg trengte ein forandring, eg ville reisa vekk til ein ukjent plass så eg kunne kjenna på det å vera aleine og utfordra meg sjølv. Om 152 dagar er eg heime att i bygda som eg ville så sårt vekk frå. Alt eg ville var vekk og ut i verda, men no som eg er her saknar eg alt der heime. Tideligare utvekslingstudenter seier dei får eit sjokk når dei kjem heim att, og det trur eg heilt sikkert at eg også kjem til å få. Eg kjem til å gløyma litt korleis eg var før eg reiste. Her føler eg meg som ein tolvåring, null frihet. Slik som det var på barneskulen då eg måtte ringa mammo og spørja om eg kan veme ei veninna heim etter skulen, og i såfall bli kjørt heim til den for eg har jo ingen andre muligheter til å komma meg frå A til B. Det er VELDIG tungvint og ofte går ikkje planane mine som planlagt nett på grunn av dette.

Processed with VSCOcam with f2 preset

Eg har virkelig fått veta kven som er mine ekte vennar. Det er lett å skjønna kven som bryr seg og ikkje. Ord kan ikkje beskrive kor mykje ein liten setning som "korleis går det med deg?" betyr for meg. Eller når eg får snap/meldingar om at de der heima savner meg (veldig godt å få bekrefta hehe). Vetle meg på den andre sida av verda. Eg har aldri følt meg så einsom før så eg har våre her. Å setta pris på dei minste ting er noko eg har blitt veldig flink til. Ting som eg har tatt for gitt setter eg så mykje pris på no.

Processed with VSCOcam with m3 preset

Uansett kor mykje eg har grene så har eg aldri angra på at eg reiste. Eg er så utrulig glad for at eg reiste. Det har til no våre langt i frå lett, men ja det er utrulig nok verdt det.  Eg har allerede merka at eg har vokst veldig mykje som person, og eg har lært mykje om meg sjølv som eg ikkje visste før eg reiste (veldig cheesy, men jaa). Det har våre tider der å gje opp alt her og flykta heim igjen til Norge har frista veldig mykje meir enn å vera her, men å gje opp har aldri vore eit alternativ.  Eg teller ned månadar, veker og dagar til eg er heime igjen. 

Sjølv om eg har ein vertsfamilie som tar vare på meg, så er det ein del som mangler. Kunne aldri bytta deg mamma og pappa ut med nokon andre. Er så rart å bu med ein annan familie, så eg ser veldig fram til å komma heim att til mine eigne foreldre. Å ha vennar er noko som eg alltid har våre så heldig å hatt rundt meg, heilt til no. (Te deko trufaste venna heima, eg elske deko, og sette så stor pris på deko. Og ikkje minst til Caroline, Sofie og Sunniva, norskingane mine her nede♥ Hadde vå heilt lost her utan deko) Etter nokre månadar her som utvekslingsstudent er det ikkje så stas for amerikanarane at eg er frå Norge lenger. Det har roa seg, og eg er visst ikkje interresant nok lenger. Eg har fem månadar her igjen, og dei håper eg går veldig fort. Det er så deprimerande å lesa bloggar til andre utvekslingselevar som har det heilt supert her i USA på utveksling, men eg satser på at det er litt løgn, litt overdrevet. 
 

 

Fem månadar igjen!! Håper (virkelig) dei neste fem blir endå betre enn de fyrste fem. 


I'm halfway home and I'm on my own. -Jazon Mraz


-A

December

Heisann,
eg tenkte å samla heile desember i eit innlegg. Denne månaden har våre koselig, men ei ganske så annarledes jul. For å vera ærlig var sjølve julafta og juledagane veldig skuffande. Mi fyrste jul langt vekke frå familien min, savnet av familien har våre større enn nokon gong. Det har våre ei jul med ganske så få tradisjonar, nesten som heilt vanlige dagar. Julafta starta ikkje med å sjå på tre nøtter til askepott, ikkje jakten etter mandelen i grauten, ikkje tur til grave til mine besteforeldre for å tenna lys (♥) eller pynta seg for anledningen. Julemiddagen på Christmas Eve bestod av mexican mat, så pinnekjøttet vart bytta ut med taco i år. Eg savner litt heim det kan eg innrømma, men eg klarer meg fint. Det var interresant å oppleva jul her, men må sei at ingenting slår ei norsk jul. Forhåpentligvis blir dette mi fyrste jul i utlandet hehe. Bilete frå den siste tida:

Verdens snillaste mamma lagde adventskaldender til Maleahna og meg! 

Our picture with Santa! 

Alle saman pynta juletreet i lag, noko som var koselig. Dei pleier eigentleg å plassera ein engel på toppen av treet, men sidan eg fekk viljen min heheh.

Fører norske tradisjonar vidare.

Eg har følgt med på jul i Månetoppen i håp om å få litt julestemning, men det hjalp dessverre ikkje..

Vårt hus som Richard dekorerte.






Sammen med Alicia og Richard si life group reiste med til Walmart, der me kjøpte leiker til ungar som trengte ei julegave til jul. Me enda opp med 5 handlevogner + 5 syklar.



29 grader i Desember....


Me kjørte rundt og såg på ulike hus med juledekorasjoner, medan me åt popcorn og drakk kakao.



Alicia, Sunniva og eg lagde masse masse cookies.

I morgon skal eg feira nyttårsafta med norskingane mine! Godt nyttår alle sammen♥

-A

Thanksgiving break

Hello,
nå sitt eg i bilen på veg heim frå Arizona. Eg har hatt ei veka fri frå skulen på grunn av thanksgiving, utruleg godt med fri. Tideleg lørdags morgon begynte me reisa vår til foreldrene til Alicia i Arizona. Det er ein tur på ca 16 timar kvar veg. Me stopper ca. halvevegs og søv på hotell ei natt. Blir litt masing på snap og facebook av meg, men det må deko heima få tåla haha..





Detta bildet beskrive nok ganske kor mykje eg kjeda meg.


Eine dagen reiste me til Grand Canyon. Eg er veldig glad for at dei tok meg med der så eg fekk sjå. Det var veldig stort og utrulig fint. 


Sjølve thanksgiving lunsjen/middagen var på torsdag. Me begynte me dagen med ein «fjelltur». Norsk natur er litt sånn mykje finare å sjå på! Her var det kun mange ulike typar av kaktusar og berre tørt landskap å sjå på, men det var godt å røra på seg. Det var hvertfall mi fyrste treningsøkt på 3 månadar. Off Usa har dårleg innfytelse på meg. Kjem nok heim god og rund. Thanksgiving middagen bestod av veldig masse forskjellige god mat, så eg blei ganske så mett!

Under middagen/lunsjen sa alle noko som dei var takknemlig for. Eg sa at eg er takknemlig for alt Alicia og Richard gjere for meg her i USA, at dei vise meg rundt i USA og lar meg får vera ein del av familien deirans. Eg ville også sei at eg er takknemlig for familien min og vennane mine heima i Norge, men eg klarte ikkje sei det for eg visste at eg då kom tårene til å renna. Så eg holdt det inni meg, men eg er virkelig takknemlig for den flotte familien min heima og alle dei gode vennane eg har ♥ Veit ikkje kva eg skulle gjort uten deko.
Det blei desverre ikkje noko black friday shopping på meg, hadde veldig lyst å oppleva det men fekk ikkje muligheten til det. 
Nå etter thanksgiving begynner folk å dekorere husene sine med julelys, noko som er veldig koselig. Nokon tar det jo seffølgelig heilt ut og har blinkande lys over heile huset og med lyd (prøvde å legga inn video men måtte venta i 30 minutt, neitakk :P ). Me reiste til ein plass som heiter Glendale Glitters. 16 blokker pynta med julelys og mange forskjellige hoppeslott for ungane. Me besøkte også Desert Botanical Garden, ein botanisk hage med mange forskjellige ørken planter og sidan det snart er jul har dei pynta med masse lys.


Er veldig lite klar for å begynna på skulen igjen, masse lekse og prøva.. Men er vel skule som er grunnen til at eg er her :P Håper tida framover går fort.
-A

#utveksling #explorius

Lately; Surprise party and Sjømannskirken

Hei igjen,

Eg er veldig opptatt kvar dag, så tida flyr avgårde. Tenk i dag har eg våre her i 3 månadar!! 3 allerede! Om to veker har eg Thanksgiving break og etter det skal eg kun gå på skule i tre veker før det er Christmas break, og då har eg kun 6 månadar igjen her. Eg gleder meg til å komme heim (savne deko der heima♥♥), men samtidig så trivst eg veldig godt her. Er så glad for at eg tørde å reisa på utveksling. Er langt frå enkelt, men så verdt det. Kulturen er så utrulig forskjellig frå korleis eg har vokst opp. Det er mykje av det eg ikkje liker i det heile, men må berre oversjå sidan dette er kulturen deirans og eg kan ikkje begynne å blanda meg opp i det. (Å slå ungar på grunn av barneoppdragelse sikter eg til, uten å sei for mykje.) Er så utrulig glad for å voksa opp i Norge. Veit at eg kjem til å setta veldig pris på alle små ting som ikkje betydde så mykje då eg budde i Norge. Blir ikkje samme Amanda som reiser heim igjen for å sei det sånn :P

Men hvertfall så hadde eg bursdag då me var i California så fredagen etter me kom heim arrangerte Alicia og Richard overraskelse bursdags party for meg!! Etter skulen reiste me ut for å leita etter ei vinterjakka for meg, eg fekk velga ein film me skulle sjå seinare på kvelden og så reiste me heim. Då me kom heim sto alle vennane mine og overraska meg. Eg forventa det ikkje, men er SÅ takknemlig. Kan ikkje tru dei ville gjera noko sånt for meg, betyr meir enn nåken kan tenka seg. Eg fekk alt for mangen presangar og koste meg veldig den kvelden.


På halloween var eg med ei veninna på football kamp, så eg gjekk ikkje "trick or treat". Kampen var på stadionen til University of Houston. Været var dårlig, men var kjekt likevell, og dei vant!




Forrige helg var eg på eit exchange thanksgiving/ christmas party. Me åt mat og hadde ein white elephant gift exchange leik. Var veldig kjekt å snakka med dei andre norske vennane mine her igjen.


Eg, Sofie, Caroline og Sunniva reiste til Sjømannskirken her i Houston. Me fekk graut og vafler, var såå godt!! Alicia likte det og. Ho som jobba der var kjempe hyggelig. Eg kjøpte heimelaga grove rundstykker. Skal sei det var godt med ferske rundstykker og brunost til frukost!


Denne helga reiste eg tilbake Sjømannskirken sidan dei skal har julebasar der denne helga. Me hadde eigentlig planlagt å reisa på camping denne helga men blei ikkje noko av, så isteden grilla me hotdogs og s'mores i hagen. Mammo og broren til Richard + damo hans kom så det var veldig koselig.





Og nokre andre bilete frå den siste tida;
Meg og v-søss ♥
Blei med Katelyn heim etter skulen og øvde på ein dans til Dance Showcase, som er i måro!! Blei plassert på fyrste rad så er VELDIG nervøs.


(Og TUSEN TAKK Isa for forrige innlegg. SO takknemlig fø å ha deg, og klare nesten ikkje venta til eg kan få besøk av deg midt på natte igjen på grunn av du vil ha isbeta og cola♥♥ That is the reason why I love you.)

SRY u just got hacked:/

Hei amandus, tenke eg nett sku hacka meg inn på den søte bloggen din for å legga igjen noken sjarmerande ord.(norsklæreren min har lært meg at da e viktig å bruka masse adjektiv når eg skrive teksta)

 

Veit ikkje om du fortsatt skjønne norsk men eg ve ikkje begi meg ut på å skriva eit engelsk innlegg..(for eg e ikkje lika tøff so deg). So du får heller bruka Google Transalater om norsken min blir for avansert;) Ville berre slenga med kor tøff eg synst du e so tørr detta, og kor heldig du e so får oppleva alt detta mens me andre sitte i Øystese å rotne<33 Eg og resten av klassen savne deg kjempe masse og eg telle ned daga til du kjeme heim! E berre sån 7-8 Måna igjen då heheh:))) yay:)))) uansett kor masse du savne heim (eller kan ve du ikkje savne heim i da heila då men eg går ut frå at du vertfal savne meg litt :,) ) må du veta at du ska ikkje ve i USA for alltid, so du må nyta da for alt da e verdt. No følte eg meg veldig poetisk.. Men e sant då... No har eg sikkert sagt til deg 100 gonga kor masse du må nyta året ditt so satse på di har fått da inn no snart. Her heima skjer da vertfal ingenting. Ellers håpe eg familien e snill mot deg, og at du har mange gode venna rundt deg. elle du trenge vel egentlig ikkje so mange venna men at du har noken som du kan støtta deg på! Eg e jo berre 7879km i frå deg då aka ein kort joggetur/svømmetur for ein bols som deg. MEN om du då ikkje gidde å ta turen øve heile veien til Norge som e fult forståelig, so kan(MÅ) du ringa meg på facetime innimellom. 

 



















//slengte med eit par fotogene bilde av oss begge//

 

 

Ellers har eg ikkje noko meir å sei.. trur eg.. ELLE JO eg har no såtte i 10min for å prøva å finna ein setning eg kan skriva i detta innlegget der eg bruke "Y'ALL" men va vanskligare enn eg trudde. so gav opp ://

 

 

<3savne bestevenen/bolsen min<3 

kyss og klem fra ice

California og pumpkin patch

Hei,
i går kom eg heim etter 5 dagar i California. Eg fekk ikkje sjå så mykje av staten sidan me var der på grunn av eit bryllup, men herregud så fint!! Er så misunnelig på dei som bur i der. Me budde i onkelen til vertsmor sitt hus som ligg ved Laguna Hills. Eg fekk endelig møta familien til Alicia, noko som var koselig. Dei bur i Arizona så planen er å besøka dei i Thanksgiving. Bryllupet var på fredag, og eg koste meg veldig.




Huntington Beach.




Åt lunch med Mia som eg møtte i New York♥


Tida flyr, og den siste tida har me våre på pumpkin patch å funne oss gresskar, og besøkt Kemah og the Zoo på trick and treat. Halloween er veldig stort her, men me har ikkje nokon planar om å kle oss ut. Gleder meg veldig til å skjæra ut mitt fyrste gresskar. Me reiste til ein gård for å kjøpa gresskar, kjekk opplevelse.





Eg har heilt gløymt å skriva at eg drømmer og snakker i søvne på engelsk! Bruker sleep talk app så det er veldig morsomt å høyra. Eg tenker ikkje endå på engelsk, men føler at det er på tide nå.. Eg har det forresten veldig bra for tiden. Skulle berre ønska at eg ikkje trengte å stressa så mykje med skulen når eg er her. Det er 72 dagar sidan eg reiste frå Norge, og eg har fått oppleva såå mykje allerede. Veldig takknemlig for at eg fekk sjangsen til å oppleva utveksling, tusen takk til mammo og pappen♥ 

-A

Hoco

Hello,
denne veka har eg opplevd homecoming og skikkeleg school spirit, kjempe kjekt!! Dei ulike temaene for kvar dag var; Monday- Camo day, Tuesday- Jersey day, Wednesday- Nerd day, Thursday- Twin day and Friday- White out. Dei aller fleste kledde seg til dei forskjellige temaene, til og med lærarane! Nokon tok det heilt ut, som å ha kamuflasje drakt med langt gras over heile drakta, og kle seg som ein nerd frå topp til tå ++. 



Nerd day droppa eg sidan eg ikkje har noko med meg som passa til det temaet, men her er hvertfall antrekkene mine for kvar dag. På torsdag var eg tvilling med min venn Jazmine ♥ 



Kun i Texas har dei ein kjempe rar tradisjon om å ha slike mums på seg til homecoming. Som oftast lager guten til jenta, og omvendt. Så eg og min "date" lagde til kvarandre. Min var kjempe tung, og rett og slett heilt forferdelig å ha på. Mumen skal eigentleg representera deg, men altså eg liker ikkje soccer i det heile... Jo større mum, jo betre! Helst masse kubjeller hengande på også. På fredag var det ny Pep rally, like kjekt som sist gang.


På fredagskveld reiste eg på min fyrste football kamp, snakk om school spirit!! Longhorns vant mot Soho YEY. Eg skjønte ikkje så mykje av spelet haha, men det var veldig kjekt å vera der! Eg møtte masse folk og det var kjempe bra stemning. Dei kasta på babypowder, spraya shaving cream og sillystring på alle.




GO LONGHORNS!!!


På lørdag var sjølve homecoming dansen. Eg fekk desverre ikkje ein søt måte å bli spørt til hoco (trist ass), men eg gjekk altså med han som er på bilde under. Det var veldig kleint der, men eg møtte nokre nye jenter som var veldig hyggelige. Det blei ikkje så mykje dansing på meg sidan folkene har ein dans til kvar einaste song, eg var litt lost for å sei det slik. 



Merker at eg allerede synst at det er vanskelig å formulere meg på norsk, så ignorer dårlege setningar og skrivefeil hahah!

-A

San Antonio!!

Heluuu,
denne helga tok familien min meg på ferie til San Antonio. Alicia og eg har bursdag i oktober så det var på ein måte ein bursdagsfeiring. Eg fekk lov å ta med meg ei veninna, så mi kjære Caroline blei med meg♥ Rett etter skulen på fredag reiste me for å henta Debbie (mammo til Richard) og Caroline. Bilturen tok ca. 3 timar, så me kom fram litt seint. På vegen stoppa me for å eta på Whataburger, ein burger plass som dei kun har i Texas, hoho. Når me kom fram sjekka me inn på eit motell, slik som du ser i filmar og seriar, altså creepy. Dagen etter var det tidleg opp for å reisa til Sea World!! Må nett legga med eit bilete av vaffelen me fekk til frukost på hotellet. Snakk om å vera stolt øve staten sin ass.



I Sea World gjekk tida med å ta karusellar og sjå på show. Eg hadde det veldig kjekt og dagen gjekk kjempe fort! Me var heldig med været så det var strålande sol, men ekstremt varmt. Vertsforeldrene mine sa at Sea World i San Diego er mykje betre enn den me var på, så dersom nokon bur nærme bør de sjekka det ut. Då parken stengte kjørte me heim til Houston igjen. Me stoppa på vegen for å eta på In-N-Out. Alicia har snakka mykje om burgeren der og nå fekk eg endelig smaka den, anbefalast. 










Legg gjerne igjen ein kommentar! 
-A

Dagleg rutine

Hei igjen!
Det går mykje betre her nå og møter nye folk heile tida. I dette innlegget tenkte eg å skriva om mi daglege rutine. Ikkje så veldig spennande, men ekstremt slitsomt. Saknar veldig fritimane eg hadde i Norge!! Kjem til å setja pris på å begynna kl 8:15 på skulen og kjøra scooter til skulen 15 min før, når eg kjem heim igjen til Norge. Eg liker ikkje skulebussen i det heile men må ta den kvar dag uten om når det regner. Alicia er grei å kjøre meg til skulen då, sidan ho ikkje vil at eg skal gå i regnet. Eg klager ikkje akkurat!

05:45 Stå opp! :(

06:20 Gå til skulebussen

06:30 Ta skulebuss til skulen

07:15 Begynne eg på skulen og i fyrste time har eg World History.

14:30 Ferdig på skulen og tar skulebussen heim.


14:50 Heima og sette meg til å gjera lekser/øva til prøve. Er veldig lenge å venta på middag sidan me ete så seint, så eg pleie å eta noko snacks og ta meg ein boks cola når eg gjere lekse. #SK2016

19-20 Mellom sju og åtte ete me middag, enten heima eller ute.

19-21 Enten er me ute å kjøpe noko på butikken. eller så er me kun heima og eg gjere endå meir lekse.

21:00- 21:30 Legge eg meg sidan eg må stå så tidleg opp.

Richard kom forresten heim på mandag så då fekk eg endelig møta han etter mine 4 veker her i Houston. Familien Etue (+Gjerde):

I dag får eg besøk av Caroline og Sofie, så blir norsk taco med norske vennar♥ Alicia synst det høyres veldig rart ut at me i Norge putte agurk og alle grønnsakene i tacoen så blir morosamt å sjå om familien liker det eller ikkje.

-A

 

Update og dumme spørsmål

Heiii, 
det skjer ikkje så mykje her utenom skulen eigentleg. Tida her går ekstremt fort og eg har allerede budd her i Houston i 3 veke! Håper at tida framover går like fort. Eg synst ikkje det er så kjempe lett å få seg vennar her, men eg har møtt mange folk og møter nye kvar dag. Så det ordne seg nok! Det går bedre og bedre for kvar dag. Sidan sist så har eg skifta til lettare matte og vanskelegare spansk, og liker dei klassane mykje bedre. Det som er kjipt er at eg må springa frå P7 (Portable 7, som er bygninga med klasserom ute) til rom 460 som e langt vekke, og så til P41 som er heeeilt på den andre sida av skulen og ute. Eg har kun 6 minutt på å komma meg til dei ulike klassane ellers blir eg "tardy" og må signera at eg kom for seint til klassen. Så 1 stk stressa Amanda brøyte seg veg mellom den store folkemengden i gangen.

                                                          Så dette er kun litt av skulen heh, litt større enn Øystese Gymnas jaah

På lørdag blei eg og Caroline invitert til Sofie på pool party og mat. Det var kjempe koselig og kjekt å snakka norsk igjen ♥♥ 





På mandag hadde me fri sidan det var Labor day, det er ein fridag for alle (nesten), som blir brukt til å vera med familie. Me blei invitert til v-mor si veninna og hennas familie og åt BBQ lunsj der. 


Forskjellige bilder frå den siste tida:


Vertsfar sin far inviterte meg (oss) på krabbemiddag sidan eg sa at eg aldri hadde smakt det før.




Jarlsberg!!! Men eg kjøpte lett versjonen og den smakte ikkje godt....skuff





Dei fleste i USA veit ekstremt lite om Norge, så eg føler ofte at dei trur at eg er frå ein heilt annar planet... Så eg får eindel rare spørsmål og her er kun ett par av dei:

♥ Er det sant at de får betalt for å gå på skulen?

♥ Kva språk snakke de i Norge?  "Norwegian"  Ohh trudde de snakke fransk der.

♥ Er Norge nærme Alaska?

♥ Har du sett fyrverkeri før?

♥ Har deko mørkhuda folk i Norge?

♥ Ete deko spagetti i Norge?

 

-A

My first week at Dobie High School

Hei, 
nå har eg fullført mi fyrste skuleveka her i Houston. For å vera heilt ærleg så har det ikkje våre heilt lett å vera her heilt aleine på ein skule utan mine kjære og nære venna rundt meg. Fyrste dagen min var ikkje noko kjekk i det heila. Me måtte registrera meg på skulen = mykje papirarbeid. Etter at eg blei registrert blei eg berre kasta inn i det, inn i ein klasse med kun ukjende. Men skulen blei gradvis betre og betre, men håpe det framleis blir betre enn slik det er nå. Eg synst det er vanskeleg å bli kjent me folk sidan alle er så knytta til kvarandre. Sidan skulen min er så stor merkar ikkje elevane at eg er ny, men eg har fortalt alle lærarane mine at eg er ein utvekslingsstudent frå Norge så klassane min veit det (og litt unnskyldt fø å ikkje forstå alt hihi). Sjølv om at skulen er så stor så er det veldig få utvekslingsstudentar, kanskje 3 stk berre! Eg har møtt ei frå Danmark i danseklassen. Så til framtidige utvekslingsstudentar farg håret dttt blondt!! Haha neidå men ho frå Danmark som er blond får jo ein del meir oppmerksomhet enn meg som sklir litt mellom meg mitt brune hår. 


 Sjukt fint bilde ass. V-mor ville at eg skulle ta eit slik bilde etter skulen, etter regn og 1 stk super sleten Amanda. Eg ville hvertfall visa deko at eg ikkje brukte mine kjære slengbukse (som eg bytta og fekk pengane tilbake) fyrste skule dag. Dresscodes på Dobie High School er ikkje så kjempe strenge. Men shorts er ikkje lov, verken for jenter eller gutar?? Og gutar får ikkje lov å ha øyredobbar. Kva regel er det?!


Og eg må ikkje gløyma å nemna at sånn alle gutane går slik med øyreproppane??? Liksom hallo?! Viss dei trur det ser kult ut har dei tatt hakkande feil.

Dette er kun halve av juniorane, like mange satt på mi sida av tribunen!


♥♥

Dette er då min timeplan. Homeroom har eg fått inntrykk av at er på ein måte klassenstime. Verdens historie, psykologi, algebra 2 (s1) og spansk 2 må eg ha for å få året godkjent. Sidan eg må ha 7 periods/ klassar til sammen valgte eg dans (skal bytta til level 2), child development (?noko sånt) er eit fag der me lære om dei ulike stadiene i livet frå barn til vaksen, og engelsk. Eg liker eigentleg alle lærarane veldig godt, men dei virke veldig strenge på karakterane.. Så allerede nå liker eg betre det norske skulesystemet garantertt!! Lærarane gjer oss mykje unødvendige lekser som me må gjera og dresscodes gjelde eindel for karakteren lol. 

I matteklassen for eksempel så fekk me 300 poeng til homework dersom me tok med ein 3 ringa perm med notatark, eit ark fylt ut av foreldre og ein pakke kleenex til læraren. Og kven trur de som va den einaste å få 300 poeng?? EG :D Dei dele heile tide ut sånne ekstra poeng, noko som er ganske rart eigentleg.

 Eg håper tida mi framøve på Dobie High School blir mykje bedre. Krysse fingrane mine for det!

-Amanda

The beach and the Zoo

Lokal tid: 22:48    Norsk tid: 5:48

Helloooo, 
eg har det forsatt bra og tenkte å skriva kva eg har gjort sidan forrige innlegg. Alicia laga heimelaga middag til oss, noko som var kjempe godt! Eg huske dessverre ikkje kva det heiter, sorry. Det var hvertfall ei biffgryta med amish nudla og noko so ligne på potetmos til. Dei lage det kun til spesielle anledninga, men eg var viss spesiell nok I guess ;) På kvelden før Maleahna skulle legga seg tok me ein sykkeltur rundt i området og mata fuglar. 



Sidan det var fint vær i går reiste me til Galveston som er der nærmaste strand ligg. Det tar ca. 40 min å kjøra til, men med motorvei og masse å sjå på gjekk tida veldig fort. Klokka 8 om morgonen var me avgårde! Som du ser på bildet så kjørte me bilen heilt ned på stranda så me slapp å gå, jaja Amerika. Eg undervurderte sole så eg endte opp med solbrent fjes og arma, men litt brun blei eg då. 




På kvelden fekk me besøk av foreldrene til Richard + broren og kjærasten. Me bestilte pizza frå Pizza Hut og spelte kort. Det eine kort spelet skjønte eg ikkje så mykje av, så etterpå spelte me UNO og då vant eg faktisk eine gongen YEY ME. 

 

I dag (søndag) besøkte me Houston Zoo. Det var ekstremt varmt for min del, men eg koste meg veldig. Det var ein stoor dyrepark med ekstremt mange forskjellige dyr. Bildene snakke vel for seg sjølv.





Meg og ei geit som bestemte seg fø å pissa når eg skulle ta bilde me den, jaja.


Eg har mange fleire bilde men eg får avslutta her. Så seinare på dagen blei eg med Alicia til nokon venna der ho lede ei kristen "lifegroup", eg treng ikkje gå meir innpå det enn at det var interresant og at eg sikkert ikkje kjem til å vera med fleire gongar. 

-Amanda

Min fyrste dag i Houston og jakten på slengbukse

Lokal tid: 1:20 pm  Norsk tid: 8:20 pm

Hi,

Eg tenkte å oppdatera pittelitt. No er eg trygt framme hos Alicia og Maleahna. På onsdag tok eg flyet frå Newark til Dallas, og så til Houston Hobby Airport. Eg hadde heldigvis med meg 6 andre jente frå Dallas. Då me var i Dallas så blei fyrst gaten flytta og så fekk me veta at flyet var overbooked, men alt ordna seg og me kom oss fram uten nåken problem. På flyplassen sto Alicia og Maleahna å ønska meg velkommen. Det var fleire familiar som sto saman då me kom, og dei planlagte å samla oss eingong.

Rommet mitt:



   Walk in closet ;)


Min fyste dag i Houston var ikkje så veldig spesiell. Det var storm med torden og masse regn. Eg fekk til og med varsel på telefonen at det var ekstremt dårlig vær. Alicia jobbe ikkje sidan ho vil vera heima med Maleahna fram til ho begynne på skulen, så då er ho barnevakt til to andre unga i tillegg. Så dagen gjekk med å vera me dei. Når ungane blei henta reiste me ut for å eta og så for å finna bukse til meg. Skulen har fortalt til vertsmor at eg må ha slengbukse og t-skjorte/genser med krage. Slengbukse er ikkje min stil i det heila så det var vanskelig. Men på Walmart fann eg ett "lovlig" antrekk til fyste skuledag (om eg likte da e ein annar sak), og så kan eg sjå kva dei andre går med på skulen. Håpe virkelig eg sleppe slengbukse!!!

Den håplause jakten på å finna ei slengbuksa som kan funka:



Baklommene e jo fine heh. Så det siste bilde er min framtidige outfit for fyrste skuledag YEY bra fyste inntrykk Amanda.

På Walmart fann eg forresten wasa knekkebrød. Veit nokon som er/har vore i USA kvar eg kan finna Jarlsberg eller noko liknande ost? (Utenom sjømannskirken i Houston). Alicia er kjempe grei og eg føle virkelig ho vil ha meg her! Eg spørte ho om det er greit at eg legge ut bilde av dei og det var heilt greitt heldigvis. Så det kjem nok masse bilde av oss framøve.

I dag skal me ha ein rolig dag med film og popcorn og så skal Alicia laga heimelaga middag. Dersom det er fint vær i måro skal me reisa å bada på strande eller til ein dyrepark.

-Amanda

Soft Landing Camp

Lokal tid: 22:08  Klokka i Norge: 4:08

Hei! 

Det er den siste kvelden min her i New York og eg klare nesten ikkje å tru at eg skal reisa til familien min i måro!! New York har våre heilt FANTASTISK. Explorius sitt program er veldig bra og vil anbefale det til alle som vurdere å reisa på utveksling. Med Explorius får du Soft Landing Camp i New York og Year Ending Camp i Washington inkludert i prisen! Eg har møtt såå mange kjekke folk her som eg kjem til å savna veldig mykje. Sidan det er studentar her frå land som Norge, Sverige, Tyskland, Danmark, Finland, Italia, Spania og Kina (Håpe eg huske alle no!), så må me snakka engelsk med nokon av dei. Eg synst hvertfall det var kjekt å bli litt vane med å snakka engelsk før eg skal møta familien. 

Litt om kva eg har gjort på desse dagane: 

Lørdag 15 august måtte eg sei hada til familien på flyplassen! Eg reiste Bergen- Oslo- Newrark. Flyturen gjekk overraskande bra heldigvis. Frå Oslo til Newark satt eg med ein mann som eigentleg er frå Finland men har busett seg i Michigan. Han fortalte meg mykje om USA og ga meg masse tips som eg kjem til å ta med vidare.

Systo (til venstre), meg, mammo og Tante

Dag 1 så var det ikkje så mykje på planen. Når me kom fram fekk me tid til å bli kjent med kvarandre og åt litt mat. Eg var ekstremt trøtt så eg sovna hal 9 om kvelden og vokna kl. 5. Jetlag much?? 

Dag 2 starta med eit "Adapt to America" møte. Etter det var me på sightseeing i upper Manhattan. Fyrst busstur til Grand Central Station der me åt lunsj. Etter det såg me blandt ana Central Park, Times Square, Fifth avenue ++. Me fekk 3 timar med fritid så mange av oss reiste til Top of the rock for å ta bilder. Utsikten var ikkje noko å klaga på!



Shakeshack! BESTE BURGEREN EVER. Fann heldigvis (?) ut at dei kun har den i New York, ellers hadde eg åte den all the time.



Dag 3 var det eit "American Culture" møte. Etter møtet var det tid for sightseeing igjen, men då i Down Town Manhattan. Me såg Brooklyn Brigde, Manhattan Brigde, 9/11 Memorial, China Town, Statue of Liberty (på avstand seffølgelig) ++. Me fekk tid til å gå rundt og shoppa. Eg og Camilla brukte desverre litt for mykje penga, men hallo me er jo i New York!


Carlos bakery!! Fekk desverre ikkje inn å kjøpa noko :(


Brooklyn brigde og som du ser så peike Elin på kor Statue of Liberty er.


i

                             Meg, Mia og Camilla                                                                                                                          Tom, Camilla og meg

I dag var det den 4 dagen vår her. Den starta med eit "Flight meeting" og deretter lusnj i Central Park og så shopping på Jersey Garden Mall. Eit kjøpesenter med mange outlet butikkar. 




No har eg brukt øve 1 time på å skriva detta innelgget sidan internettet er så treigt, men alt fø bloggæææn. I måro kl. hal ni reise eg frå hotellet og vidare til vertsfamilien min. I'm so exctied!! Vertsfar reise rundt når han jobbe så han kjem ikkje heim før nesten månad..men Alicia og Maleahna vil vera på flyplassen å møta meg. Eg er så nervøs! Det blir trist å reisa frå New York og dei goe veninnene eg har fått meg på desse få dagane her, men skal helda kontakten med dei♥ Blogging er ikkje mi greia i det heile fann eg veldig fort ut (e litt kleint heh), men eg skal fortsetta likevell! Blir veldig kjekt å sjå tilbake på når året mitt er ferdig. Snakkast når eg er i Texas.

-Amanda



6 days to go

Hei igjen!

Om kun 6 dagar til eg sitt på flyet til New York. Om 10 dagar skal eg møta vertsfamilien min i USA som eg skal bu med det kommande året. Eg skal ut i den store ukjende verda, heilt aleine. Eg har plutseleg ikkje dei gode vennane mine rundt meg å støtta meg til når som helst, eller ein familie som kjenner meg 100%.

Det har endå ikkje gått opp for meg at dagen eg har venta på heilt sidan eg sendte inn interesseskjemaet til Explorius for snart eit år sidan, er 6 dagar framfor meg. Eg har ikkje felt ei tåra endå sjølv om eg har sagt hada til mange kjære og nære, nettopp fordi eg ikkje klare å forstå at eg skal vera vekke over ein lengre periode. Eg tipper at når eg kjem meg til flyplassen og eg må sei hada til tante Maja, Tina, mammo og pappen kjem det nok til å slå meg at eg verkeleg skal ut på reisa mi. Eg kjem til å savna deko her heima kjempe mykje♥ Eg har eit utrulig spennande år framfor meg så eg klarar nesten ikkje å venta på å finna ut kva det innebære. Eg snakkar dagleg med familien og dei gleder seg veldig til at eg skal komma. Dei tar meg i mot med opne armar, noko som er veldig betryggande. 

Å kjøpa gave til vertsfamilien var ikkje så lett som eg trudde det skulle vera, men her er det eg enda opp med:


1. Eg kan vel ikkje vera ein utvekslingselev frå Norge og ikkje gje norsk melkesjokolade og ostehøvel til vertsfamilien vel?? Hahah. 2. Sånne standard kjedelige fakta bøker om Norge ville eg ikkje gje til dei så eg fann "The Norway way". Det er ei bok om Norge skreve med humor. 3.Vertsmor ville eg skulle læra familien litt norsk så " Mine første ord" blir kjekk å lesa saman med dei (Får vel kanskje leggja om dialekte mi til bokmål heh) 4. Eg svarte at pizza er favoritten då vertsfar spørte kva eg liker til middag. Så eg får slå til med å laga "heimelaga" grov pizza til familien ein dag! (Når eg er lei av fastfood og må begynna å tenka på vekte mi :pp)


-Amanda

VERTSFAMILIE!!

I dag blei eg ringt av explorius med beskjeden om at eg har fått plassering i TEXAS. Endelig fekk eg og ein vertsfamilie!! Idag er det ca 2 veker sidan eg blei fjerna frå CETUSA si nettside. Familien består av vertsmor Alicia (26) vertsfar Richard (28) og ei lita jente som heiter Maleahna (2). I tillegg har dei ein katt som heiter Scooter.



Houston har 2,196 millionar innbyggjarar og er den fjerde største byen i USA. Området er skal bu i heiter Sagemont og ligg ca. 30 minutt utanfor sentrum. Staten ligg 7 timar bak oss her i Norge. Om sommaren er det vanlig at det er 31-37 grader, og om vinteren kan det komma litt snø.

Skulen eg skal gå på heiter J. Frank Dobie High School. Skulen har 3776 elevar..!! Skulefargane er oransj og kvit. Skulesportane dei har er: Athletic trainers, Baseball, Basketball, Bowling, Cheerleader, Cross Country, Football, Golf, Power Lifting, Soccer, Softball, Swimming, Tennis, Track og Volleyball. Skulen min starte 25. august og slutte 2. juli.

Dei siste vekene har det våre heilt forferdelig å venta på familie, men det viste seg at eg fekk ein bra familie til slutt No kan eg endelig begynna å gleda meg til å reisa. Det er veldig tidelig på morgon i Texas så eg får venta på svar på mailen til v-mor eit par timar til. Idag er det 23 juli og det er kun 23 dagar før eg forlatar Noreg og ut i den store verda.

-Amanda

The Exchange Student Challenge

♥ Hvor skal du dra på utveksling?

Eg skal til USA!

♥ Hvilken organisasjon reiser du med?

Eg reise med Explorius og har CETUSA (Council for Education Travel USA) som underorganisasjon.



♥ Hvor kunne du aller helst tenkt deg å ende opp? 

I starten av prosessen hadde eg mest lyst til å bu i sørstatane og eit ønske om at plassen var stor med mange elevar på skulen. Nå er det nett det same om eg kjem til ein liten plass enn ein stor. Trur eg kjem til å trivast lika mykje i ei lita bygd med ikkje så mange innbyggjarar. Eg vil tru at det er litt meir spessielt og kjekkare å vera ein utvekslingsstudent dersom plassen er liten og alle kjenne kvarandre frå før av. Det er familien og folka som er det viktigaste for å ha det bra. 

♥ Har du fått vertsfamilie?

Nei, men eg håpe på å få det om ikkje så lenge. 

♥ Skal du på forberedelsesleir?

Ja, eg skal på soft landing camp i New York.

♥ Hva gleder du deg mest til?

Eg glede meg mest til å oppleva den amerikanske kulturen, bli kjent med mange nye menneske og ikkje minst prom. Eg har heile tida tenkt å ha låge forventningar så eg ikkje blir så skuffa dersom noko blir heilt anleis enn eg tenkjer.

♥ Hva gruer du deg mest til?

Eg grue meg vel mest til fyrste skuledag og skrekken om å ikkje skaffa meg nokon vennar. Heilt sidan eg starta prosessen har eg sagt til meg sjølv at "Når eg landar i USA skal eg gløyma fullstendig at eg er ei sjenert jenta" men spørst om det kjem til å bli like lett som eg trur.

♥ Kunne du tenke deg å prøve en ny sport?

Ja. Eg er ikkje så glad i å delta på sportar, eg likar meg best på treningssenteret men eg skal hvertfall prøva ein ny sport sidan det er veldig sosialt og ein får mange vennar. Kanskje cheerleading eller cross country? 

♥ Hva tror du at du kommer til å savne mest? 

Norsk mat! Tippe eg kjem til å bli veldig lei av mykje fritert mat og heller vil ha mammo sin heimelaga mat. Eg kjem også til å sakna friheten me ungdomar har i Norge. Eg kjem også til å savna vennane og familien her heima, men eg veit likevell at eg kjem jo tilbake om 1 år. Det er berre 1 år av heile mitt liv og når eg kjem heim igjen er nok alt her heime som det var før eg reiste. 

♥ Har dine foreldre støttet deg hele veien, eller har de vært skeptiske?

I starten var dei veldig skeptiske, men etter at intervjuet blei godkjent var det ingen vei tilbake! Det er ikkje så rar at bekymre mammo seg for at vetle jenta hennas skal heilt til USA aleine, men det går fint. Dei legge ut pengar for skuleprogrammet mitt til Explorius og så betale eg dei igjen med pengane eg får av lånekassen. Lommepengar sparer eg til sjølv. 

♥ Skal du på en arrangert tur med organisasjonen?

Eg veit ikkje endå. Har veldig lyst å reisa med organisasjonen Belo til Hawaii, men får sjå kva som skjer. Kanskje vertsfamilien har andre planar for meg i ferien, eller eg har lyst å reisa ein anna plass.

♥ Nevn fire steder du kunne tenke deg å besøke i landet ditt?

Los Angeles, Hawaii, New York og Miami.



♥ Tror du det kommer til å bli et bra år?

Ja, eg skal gjera alt eg kan sjølv for at dette blir eit år eg seint kjem til å gløyma.

 

-Amanda

 

Den amerikanske ambassaden!

Hei,
nå har eg besøkt ambassaden og fått meg visum etter mykje fram og tilbake. Dagen før eg skulle til ambassaden fekk eg og mange andre utvekslingsstudentar beskjed om at den amerikanske ambassade rundt om i heile verda hadde tekniske problem. Heldigvis fekk eg reisa på timen min likevell. Før du kan søka om visum må du få tilsendt DS-2019 som blir sendt frå USA. For å komma til intervju på ambassaden må du ha fylt ut ein søknad som heite DS-160 på nettet. I denne søknaden spørje dei om mykje informasjon om deg, inkludert om du e terrorist osv. så du må huska å lesa grundig kva dei spørje om og det er ikkje den riktige plassen å tulla seg. Eg brukte meir enn 30 dagar på å skrive ut confirmation sida så måtte eg laga ein ny. Så til framtidige utvekstlingstudentar: Husk å last ned din application!! Uansett. Er så kjipt å måtte bruka endå meir tid på den kjedelige søknaden.

Explorius setter opp gruppetimar som du kan melda deg på. Når du er med på ein slik gruppetime får treffa andre utekslingselevar som også reiser med Explorius og ein frå explorius sitt kontor står utanfor med ditt DS-2019 og andre papir du treng. Timen min skulle begynna klokka hal9, men sidan det var kø tok det litt lenger tid. Før eg gjekk inn måtte eg levera alt eg hadde med meg utenom dokumentene mine og passet mitt. Etter det måtte eg igjennom ein sikkerhetskontroll slik som på flyplassar. Når eg kom inn i rommet måtte eg innom til saman tre skrankar. I den fyrste måtte eg levera inn passet, passbildet eg hadde med og DS-2019. Så fekk eg ein kølapp og måtte venta ei stund før dei ropte meg opp til neste skranke. I skranke to fekk eg tilbake passbildet mitt og måtte ta fingeravtrykk. Så var det endå meir venting før eg til slutt fekk komma til siste skranke for intervju. Det tok nok ikkje meir enn 5 min så det er ikkje noko å grua seg til. Han/ho som intervjue deg prate engelsk men spørsmålene er veldig enkle. Mannen så intervjua meg spørte meg om:

  • Kvar eg skal?
  • Grunnen til at eg skal til usa?
  • Kven betale for reisa di?

Frå eg sto i kø til eg var ferdig tok det rundt 2 timar. Når du skal reise å få visum må du huska at dei behalde passet ditt i 10 dagar før dei sender det tilbake igjen til deg. Du kan ikkje søka om visum før du har fått eit dokument som heiter DS-2019 og dette får du rundt mai/juni. Så det er ikkje lurt å planlegga ferietur på forhand før du veit når du skal få reisa til ambassaden, eller når du får avreisedato til USA. 

Håper eg kan hjelpa nokon som også skal besøka ambassaden i framtida. 

-Amanda

#utveksling 

Utålmodig

Hei, eg tenkte berre å oppdatera bloggen sjølv om eg eigentleg ikkje veit noko meir enn eg gjore sist innlegg. Eg er endå uten familie og går med eit håp kvar dag om at explorius skal ringa meg. Ringa meg og fortelja meg kvar eg skal bu dei neste 10-11 månadane. Det er litt skummelt å tenkja på at eg skal bu hos ein heilt framand familie og skaffa meg nye venna. Eg veit at det ikkje kjem til å vera ein dans på roser, men eg håper at eg kjem til å få eit veldig bra år likevell. Eg skal hvertfall gjere alt eg kan for å gjera oppholdet mitt så bra så mulig. Dei andre vennane mine som også skal på utveksling har fått familie i Florida, Oregon, Arizona og California. Ventetida gjere meg så utålmodig! Eg vil også chatte og sende mail med v-mor og mine framtidige søsken. Mange folk rundt meg spørr meg heile tida om eg har fått familie eller om eg veit kvar eg skal. Eg kan ikkje ana enn å berre svara "eg veit kje endå". Håper ventetida snart nærmar seg slutten.

23.juni har eg fått gruppetime på amabassaden for å få visum. Er spent på om det kjem til å vera lika skummelt som det virke ut som. Om eit par dagar har eg endelig sommarferie og den skal brukast til å vera mykje med venna og famile, og ikkje minst tjena litt lommepengar. I juli skal eg, Selina og Mona ha ein avskjedsfest med våre nærmaste før me reise vekk. Det kjem til å bli ein kjempe koselig kveld ♥ Ser veldig fram til å flytta vekk frå Kvam ei stund og stå på mine eigne bein heilt aleina. 

 

Utvekslingstudentane til CETUSA blir lagt ut på sida deirans. Her legg dei ut kort om kva studentane skriv om seg sjølv i søkaden. Føler at beskrivelsen passa meg veldig godt eigentlig. Eg driv ikkje så mykje med swimming eller ice skating akkurat, men det går fint. Den dagen eg er vekke frå sida betyr det at eg har fått familie!!

-Amanda

Checklist

(Innlegget blir oppdatert etter kvart)

- Sende interesseskjema til Explorius
  Intervju (skype)
- Bli godkjent av Explorius, og takka ja til plassen
- Få underorganisasjon, kontaktperson og søknad
- Ta alle vaksinene
- Senda inn søknaden og få den godkjent av organisasjonen (CETUSA)
- Delta på Get ready møte 1 og 2 i Bergen
Ta ELTiS testen
- Få nytt pass
- Søka om stipend
Til den Amerikanske ambassade
- Søka om permisjon frå jobb
- Få vertsfamilie
- Pakka kofferten
- Kjøpa gave til vertsfamilien
- Sei hada til venna og familie
- New York- soft landing camp
- Til Vertsfamilien!! 

-Amanda

Utveksling 15/16

Hei og velkommen til min blogg. Eg er ei jenta på 16 år som kjem frå ei lita bygd i Kvam. Neste skuleår skal eg på utveksling i USA. Denna bloggen vil bli brukt til oppdatera venna, familie, bekjente og kanskje ukjente om korleis min kvardag i USA er og korleis eg har det. Og seffølgelig for å ha noko å sjå tilbake på i tida etter. Eg reiser med Explorius og har CETUSA som underorganisasjon. Eg har ikkje område/stat ønske så det blir spennande å sjå kvar eg ende opp. 

                           

 Eg sette pris på ein kommentar frå deg som les bloggen min og still meg spørsmål om det er noko du lurer på. 

-Amanda



Hei, eg heiter Amanda og er 17 år. På denne bloggen kjem eg til å skriva om mitt utvekslingsår i Texas, Houston. Eg reiser med Explorius sitt High School Program og har CETUSA som underorganisasjon. Følg meg også på instagram: @amanda_gjerde, og på vsco: amandagjerde

+ Legg meg til som venn



THE TIME IN HOUSTON:


Design laget av Julie Viktoria
hits